Nye bilder

Paneldebatt mellom fylkespolitikarar i Sogn og Fjordane om E39

I samband med Stamvegkonferansen E39 Sogn og Fjordane på Rica Sunnfjord hotel i Førde 31. august 2011. Les mer…

Føredrag ved samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa om E39

I samband med Stamvegkonferansen E39 Sogn og Fjordane på Rica Sunnfjord hotel i Førde 31. august 2011. Programleiar er Arve Sandal. Les mer…

Føredrag: Alternative finansieringsmåter for vegsamband

Av Jan Stavik, Statens Vegvesen Region Midt.

Presentasjon i samband med Stamvegkonferansen E39 på Rica Sunnfjord hotel onsdag 31. august 2011.

Føredrag: Førdepakken

Av Nils Gjerland (Sp), ordførar i Førde kommune.

Presentasjon i samband med Stamvegkonferansen E39 på Rica Sunnfjord hotel onsdag 31. august 2011.

Føredrag: Ferjefri E39 - nokre perspektiv i oppstartsfasen

Av Olav Ellevset, prosjektleiar Ferjefri E39, Statens Vegvesen, Vegdirektoratet.

Presentasjon i samband med Stamvegkonferansen E39 på Rica Sunnfjord hotel onsdag 31. august 2011.

Føredrag: E39 gjennom Sogn og Fjordane - laveste snitthastighet i Europa

Av Virild Femoen, leder politikk og strategi, OFV (Opplysningsrådet for Veitrafikken).

Presentasjon i samband med Stamvegkonferansen E39 på Rica Sunnfjord hotel onsdag 31. august 2011. Meir info: ofv.no/

Føredrag: KVU Samfunnsmål for E39

Av Ulf Haraldsen ved Veg- og Transportavdelinga, Statens Vegvesen, Vegdirektoratet.

Presentasjon i samband med Stamvegkonferansen E39 på Rica Sunnfjord hotel onsdag 31. august 2011.

Fullt mogleg med ferjefri kryssing av Sognefjorden

- Skulle det vore hengjebru over Sognefjorden hadde tårna blitt 400 meter høge, sa regionvegsjef Olav Ellevset. Det er derfor ikkje berre spørsmål om teknologi, men også kor mykje inngrep ein er villig til å gjere i naturen.

Regionvegsjef Olav Ellevset sa på Stamvegkonferansen E39 i Sogn og Fjordane at tungtransporten mellom Stavanger og Trondheim vel å køyre om Oslo.

- Gul midtstripe medfører høgare fart

Audun Heggestad har mange års fartstid som distriktsleiar i Trygg Trafikk.

- Det slo meg: Gul midtstripe – høgare fart – fleire ulukker. Ha det i tankane, oppmoda distriktsleiar i Trygg Trafikk, Audun Heggestad, på Stamvegkonferansen E39 i Sogn og Fjordane. Stamvegutvalet har som slagord: “Gul midtstripe gjennom heile fylket”.

Vestlandsrådet vil ha ferjefri kystveg

Fylkesordførar i Hordaland, Torill Selsvold Nyborg.

Fylkesordførar i Hordaland, Torill Selsvold Nyborg (KrF) orienterte om Vestlandsrådet under Stamvegkonferansen E39 i Sogn og Fjordane, på Rica Sunnfjord hotell tysdag 8. september 2009. Vestlandsrådet er eit interfylkeskommunalt samarbeidsråd, og er drive av Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane fylkeskommunar og Møre og Romsdal fylke.

Kr. 5.378 i prisforskjell på å køyre E39 og E18 for vogntog

- Sogn og Fjordane er den mest eksportintensive regionen langs E39, sa Liv Bodil Baug frå NHO.

Liv Bodil Baug frå NHO Sogn og Fjordane viste på Stamvegkonferansen E39 i Sogn og Fjordane til at det kostar heile 5.659 kroner for eit vogntog på 19 meter å køyre frå Stavanger til Trondheim på E39 langs kysten. Men det kostar berre 281 kroner å køyre mellom dei same byane om ein nyttar E18 via Oslo. Ho tok mellom anna til orde for at næringslivet får stor rabatt på bompengar.

Dagens E39-trasé skal nyttast

F.v.: programleiar Anne-Mette Hjelle, Heidi Grande Røys (SV), Liv Signe Navarsete (Sp), Gunvald Ludvigsen (V), Trude Brosvik (KrF), Bjørn Lødemel (H), Åge Starheim (Frp) og Kay-Lise Løkeland Leknes (Kystpartiet).

I paneldebatten på Stamvegkonferansen E39 i Sogn og Fjordane, var det stor tverrpolitisk semje mellom stortingskandidatane frå Sogn og Fjordane.

- E39-regionen er gullkysten - men vi treng gode transportårer

Liv Signe Navarsete

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete omtala i sitt innlegg på Stamvegkonferansen E39 i Sogn og Fjordane E39-regionen langs heile Vestlandet som “Gullkysten”.

- Det hjelper ikkje med utblokking på hovedpulsåra E39 - bypass må til

Leif Arne Åsen i Førde Industri og Næringssamskipnad

Entreprenør Leif Arne Åsen representerte næringslivet i sitt innlegg på Stamvegkonferansen E39 i Sogn og Fjordane, med spesielt fokus på “Førdepakken”, det vil seie korleis ein skal løyse trafikkutfordringane i og rundt Førde.

- Førde er motoren - men Eid er einaste kommune med god attraktivitet og god næringsutvikling

Knut Vareide frå Telemarkforsking presenterte ein fersk og svært interessant næringsanalyse for E39-regionen i Sogn og Fjordane på konferansen i Førde tysdag.

Utgangspunktet for analysen er den viktigaste indikatoren på regional utvikling: Folketalsutviklinga. E39-regionen i Sogn og Fjordane har litt vekst, men veksten er mindre enn i resten av landet. Det er nettoutflytting frå kommunane, også i Førde som er motoren i regionen med stort overskot på arbeidsplassar. Men i Førde er det fødselsoverskot, noko som fekk Vareide til å lure på om kvinnene i Førde er meir fruktbare enn andre stader.

Last ned presentasjonar og bilete frå E39-konferansen

Heile 130 deltok på E39-konferansen på Rica Sunnfjord hotel

Klikk på namna på føredraga for å laste ned Power Point-presentasjonane frå Stamvegkonferansen E39 Sogn og Fjordane i Førde 8. september 2009:

Budsjettlekkasjar om ferjekaier og Førde

Statsråd Liv Signe Navarsete.

Budsjettlekkasje: Det blir pengar i 2010-statsbudsjettet til opprusting av ferjekaiene på Lavik og Anda i Sogn og Fjordane, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete på E-39-konferansen i Førde. Det blir også 4 millionar til utgreiing av trafikken gjennom og forbi Førde (dette er nok til sjølve planarbeidet i følgje Statens Vegvegen.)

Gul midtstripe på E39

Vi må halde oppe trykket på E39 slik at gul midtstripe på stamvegen gjennom fylket blir ein realitet. Satsinga i Nasjonal Transportplan (NTP) er ein god start. Men NTP er eit intensjonsdokument og løyser berre halve oppgåva. Det må sikrast høge årlege løyvingar over statsbudsjettet og planlegging av Førdepakka må kome i gang no.

På konferansen vert det lagt fram næringsrekneskap for kva denne hovudpulsåra betyr for verdiskaping i Sogn og Fjordane og på Vestlandet. Fokus på verdiskaping og robuste arbeids- og bustadregionar, gjer at dette i høgste grad til ei fanesak for E39-kommunane.

Over 120 påmelde på E39-konferanse!

Halvannan veke før E39-konferansen i Førde (8.9.09) er det over 120 påmelde deltakarar. Mange av dei kjem frå næringslivet i Sogn og Fjordane, men også politikarar, ordførarar og beslutningstakarar elles kjem.

- Det er strålande, seier medarrangør, Åshild Kjelstad Seljesæter, i Sunnfjord Næringsutvikling. Konferansen set søkelyset på planar, framdrift og behov for gul midtstripe på E39 gjennom fylket.

Til tross for store bevilgninger til E39 må planlegging gjennom Førde startes nå

3,8 mrd kr er lagt inn i Nasjonal Transportplan for E39 i Sogn og Fjordane inklusiv Kvisvegen. Det gir rom for store strekningsvise utbedringer i fylket vårt de kommende årene.

Det er rett som Leif Arne Åsen sier til Firda at transportplanen er et intensjonsdokument og at det er de årlige statsbudsjett som bevilger kronene. Den sittende regjering med Senterpartiet i samferdselsdepartementet er imidlertid en god garanti for at pengene blir bevilget. De siste fire årene har sågar transportplanen blitt overoppfylt. I motsetning til alle tidligere regjeringer som bevilget for lite på sine statsbudsjett i forhold til vedtatt transportplan.

"Førdepakken"

Under E39-konferansen 8. september, vil det bli sett fokus på trafikkaoset rundt Førde og behovet for å legge E39/R5 utanom sentrum.

I fylkesutvalet sitt møte 1. juli vedtok fylkespolitikarane følgjande uttale til Statens Vegvesen sin handlingsplan (Nasjonal Transportplan-NTP) 2010-2019.

- Kvifor så tyst om E39?

- Det forundrar meg og skremmer meg at E39 ikkje har vore tema i valkampen enno, seier Leif Arne Åsen i Firda i dag. Under E39-konferansen 8. september er han talsmann for næringslivet langs heile E39 i fylket.

På spørsmål om kvifor E39 skal kome framfor andre vegprosjekt, svarar han;

Er det E39 sin tur no?

E39 er kjend som ryggrada i transportsystemet nord-sør. Men – store delar av E39 gjennom Sogn og Fjordane har ikkje stamvegstandard! Dette bekymrar Stamvegutvalet E39.

E39 Sogn og Fjordane

Følges av 42 medlemmer.

Gul stripe gjennom heile Sogn og Fjordane! Det er målet for Stamvegutvalet E39.

Vegen knyt saman nokre av dei mest folkerike, ressursrike og verdiskapande delar av landet vårt. Gjennom å ruste opp denne ryggrada på Vestlandet, får fylket redusert tids- og køyrekostnader for gods og persontrafikk, auka lønsemd for næringslivet, betre framkomst for mjuke trafikantar og ei opprydding av trafikkaoset rundt Førde.

Med i Stamvegutvalet E39 er ordførarar frå Gulen kommune, Høyanger kommune, Gaular kommune, Førde kommune, Naustdal kommune, Jølster kommune, Gloppen kommune, Eid kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. I tillegg er Førde Industri og Næringssamskipnad, NAF, NTL/NLF, NHO Sogn og Fjordane og Sunnfjord Næringsutvikling med.

Leiar for Stamvegutvalet er Jenny Følling, ordførar i Gaular kommune.

Videoar frå førelesingar: vimeo.com/channels/e39

Mer om sonen

Origo E39 Sogn og Fjordane er en sone på Origo. Les mer
Annonse